«Agio Forvaltning AS har vore forretningsførar for oss sidan 2015. Samarbeidet har gått knirkefritt, og medarbeidarane er veldig serviceinnstilte. Ein fordel med eit såpass middelstort selskap er at det er lite nok til å ha oversikt og kan dekka individuelle behov. Samstundes er det stort nok til å ha profesjonelle løysingar på saker som arkiv, bebuarportal og fakturabehandling. Det var i utgangspunktet eit steg for oss å velja forretningsførar i Tromsø, da blokka vår ligg i Oslo. Men i dag er denne typen avstand heilt utan problem. Alt foregår stort sett elektronisk. Styret kan henta ut økonomi-rapportar frå nettsida, og det er jo ikkje verre å ringja/senda e-post til Tromsø, enn til ein forretningsførar i same by. Ved behov, eksempelvis ved eit årsmøte, kjem ein medarbeidar frå Tromsø og passar på at alt går formelt rett for seg. Som mangeårig styreleiar kan eg seia meg godt nøgd med å ha Agio Forvaltning AS som forretningsførar.»